Sommartreff for unge med MS 18-30 år!!!!!!

Torsdag 23.juni kl.17.00 - søndag 26.juni kl.13.00, Quality Hotel Mastemyr utanfor Oslo

Frist for bindande påmelding: tysdag 10.mai 2005. Send e-post til , send telefaks til 22 56 76 95 eller ring 22 96 35 80 for å melde deg på!

08.04.2005 15:20 - Unni Rygg, konsulent i MS-forbundet

Fagleg innhald i helga vil vere

• informasjon om MS v/ nevrolog Elena Pedersen
• arbeid, utdanning og MS v/ A-etat
• gruppe-coaching v/ profesjonell coach Frank Pedersen
• rettar, trygd og MS v/ sosionom Turid Hesselberg
• presentasjon av MS-forbundet v/ generalsekretær Mona Enstad

Kulturelle aktivitetar i helga vil vere

• Alt.1)Tusenfryd m/ karusellar, berg-og dalbaner, badeland
• Alt.2) Hadeland Glassverk m/ museum, galleri, "blås ditt eige glas"
• Felles middag ved "Fridays" i Oslo ++

Ein eigenandel på kr. 1.500,- samt midlar frå MS-forbundet vil dekke reise, opphald, mat og aktivitetar inkl. transport. Det ein måtte ynskje av drikke til måltider og aktivitetar utanom, må ein betale i tillegg. Når det gjeld flybillettar, så vil me i forbundet bestille desse for dykk.

Oppgje ved påmelding:

Namn
Fødselsår
Adresse
Telefon
E-post
Eg ynskjer å vere med på tur til: Alt.1) Tusenfryd Alt.2) Hadeland Glassverk
Eg treng tilrettelegging (t.d. handikaprom, personleg assistanse)

For å melde deg på, ringer du som sagt 22 96 35 80, sender ein fax til 22 56 76 95 eller skriv ein e-post til innan 10.mai 2005. Me ser fram til ei helg rik på innhald!

Tips noen om denne siden

Utviklet av Renommé Communication