Hopp til hovedinnholdet

Medlemsmøte 29. januar 2018 Kl 18.00

29 jan 18:00 Legg til kalender

Det første møte på nyåret blir 29. januar kl 18.00 i Sykkylven-Sykkylven Helselagshus, foredragsholder blir Kristin Evjen.

Tema er Ms og parforholdet

MS og parforholdet. Korleis det å få ei MS-diagnose påverkar oss, partnar og andre i nære relasjonar....

Svært ofte blir pårørande “gløymde” i denne prosessen, som er ein sorgprosess også for dei. Livet for partnar / familie blir ofte endra, håp og planar for framtida sette på vent. Uro for kva framtida vil bringe kan også ofte føre til einsemd eit parforholdet om ein ikkje klarar å ha god kommunikasjon om forventningar, skuffelsar og utfordringar som møter ein i kvardagen.

Kronisk sjukdom er krevjande både for den som er ramma og pårørande. Behandling har mykje fokus på dei fysiske endringane som skjer hos den ramma og i mindre grad korleis sjukdom påverkar eige sjølvbilde. At dette også påverkar vår seksuelle helse eller det seksuelle “eg” kan opplevast som eit tabuområde.

Mandag 29.1 ynskjer Ålesund og omegn MS-forening å sette fokus nettopp på desse tema. Møtet er ope - de treng ikkje vere medlem i MS-forbundet/foreininga for å kome på møtet.

Vi har vore så heldige å få Kristin Evjen som føredragshaldar. Evjen er utdanna fysioterapeut og er spesialist i sexologisk rådgjeving, har utdanning innan kognitiv terapi og akupunktur. Ho er ei allsidig dame som ved sida av å arbeide som terapeut også arrangerer samlivskurs og føredrag landet rundt.

http://kristinevjen.no

Ms-konferansen 2018

Årets Ms-konferanse blir På Scandic Parken 25.mai 2018.

Mer info om tema og påmelding kommer.

Hold av datoen, dette blir bra.

Stiftelsen Nevrohjemmet har no som formål å yte økonomisk støtte til personar med MS og andre kroniske, nevrologiske lidelsar.

Alle som har ein kronisk, nevrologisk sjukdom,  bur på Sunnmøre eller i Romsdalen, sør for Romsdalsfjorden og har stram økonomi, kan søke om tilskot.

Søknadsfristane vert:  1.februar,  1.mai og  1. september

Klikk på lenka under for meir info

http://www.nevrohjemmet.no/Kven_kan_soke.aspx

Mandags kaffe på SpiseStua (Moa) fra 11-14

Vi har mandags kaffi på SpiseStua (Moa) i 1.etasje ca 30 m forbi Dolly Dimple's.

Skriv navnet ditt inn i MS boka i kassa og vi spanderer kaffi mellom kl 11 og14

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.