Hopp til hovedinnholdet

Årsmøtet 2016

Sogn og Fjordane MS-forening

Referat frå  årsmøte laurdag 27.februar kl. 12.00 på

Skei hotel, på Skei i Jølster

 Det møtte 19 deltakarar.

 

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste

Vedtak:

Ingen merknader til innkalling og sakliste.

 

  1. Val av møtefunksjonærar

Møteleiar - Audhild Solli

Sekretær – Hildegunn Aamot Dahl

Teljekorps – Turid Førde Solheim og Åshild Helleset

Underteikning av møtereferat- Kari Ann Holme og Solrunn Huus Flatabø

 

  1. 3.   Årsmelding for 2015

Vedtak:

Styreleiar las opp årsmeldinga og denne vart samrøystes godkjend.

 

  1. Revidert rekneskap for siste kalenderår

 

Vedtak:

Kasserar gjekk gjennom rekneskapen for 2015 og denne

vart samrøystes godkjend.

 

  1. Budsjett 2016

 

Det er laga forslag til budsjett og dette vart det orientert om på møtet. Styret skal gå gjennom dette før dei vedtek det.

 

  1. Val av styre, valnemnd og revisor

Vedtak:

Valnemnda sitt framlegg vart vedteke og det nye styret ser slik ut:

 

Audhild Solli- Leiar 2 år

Tore Vegar Larsen - Nestleiar 1 år

 Hildegunn Aamot Dahl – Sekretær 1 år

Åshild Helleset – Kasserar 1 år

Anne Britt Fedøy- Styremedlem 2 år

 Mari Ann Muledal- Varamedlem 1 år

 Hege Tjønneland-  Varamedlem 1 år

 

Anita Tefre - Valnemnd 2 år

Janne Helen Tømmervåg – valnemnd 1 år

Solrunn Huus Flatabø – valnemnd 1 år

 

Revisor Mariann Stavestrand Hafstad 1 år

 

 

  1. Styrehonorar for styreåret 2015       

Vedtak:

Styreleiar får kr 6 000, nestleiar kr 2 000, sekretær kr 2 000, kasserar 2 000, styremedlem kr 1 500, varamedlemane kr 500  og medlemane i valnemnda kr 500, web-redaktør kr 1 000  og Ung Kontakten kr 2 000.

 

                             

  1. Honorar til revisor

 Vedtak:

Revisor får kr 1000 i honorar for revisjon av rekneskap 2015.

 

Møtet slutt kl 1430

Audhild Solli    Hildegunn Aamot Dahl     Kari Ann Holme    Solrunn Huus Flatabø

Det vart servert lunsj før sjølve årsmøtet. Sogn og Fjordane MS dekte lunsjen for medlemane.

 

Etter årsmøtet vert det kaffi, sosialt samvær der praten gjekk fritt.

Utflukta i Viksdalen var veldig populær og dette må vi prøve å gjere fleire gongar enten der eller andre stader. T.d. Vesterland i Sogn eller Sandane i Nordfjord. 

Vi fekk inn kr 3 100  på loddsalet som hadde ein hovudgevinst frå Skei hotell på ei overnatting med frukost for to personar .

Årets storvinnar vil seg ikkje avbilde, men var godt fornøyd med preminane ho vann :-)

Ståle var heldig då han kjøpte berre ei åre og vann ein flott premie til påske :-)

Inntekta frå loddsalet går til Sogn og Fjordane MS-foreining.

 NB! Det vert no sendt ut nyheitsbrev og invitasjonar per e-post for å spare pengar. Vi oppmodar difor alle medlemmer som ikkje har fått dette på epost til å oppgje e-postadressa si ved å sende den til mssognogfj@gmail.com

 

Pga ein feil i telling etter loddsalet er talet korrigert frå 3 320 til 3 100. (02.03.16)

Kva skjer?

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.