Hopp til hovedinnholdet

Haustsamling Alexandra i Loen 2015

På Hausttreffet på Alexandra Laurdag 24 og Søndag 25 November var vi 17 med stort og smått. Starta med lunsj laurdag og gjekk deretter til møtesalen. 

Planen var å få nokon til å prate om fysisk aktivitet og MS men det var ikkje mulig å få tak i nokon lokale fagfolk til å snakke om dette. 

 Derfor fekk alle fortelle om kva dei gjorde for å halde seg i form enten fysisk eller kognitivt. På denne måten vart vi litt meir kjende med kvarandre og vi hadde nokre fine timar. 

Etterpå kunne dei som ville bade i basseng gjere det eller berre slappe av før vi møttast til middag kl 1830. Vi fekk lov til å komme inn i spisesalen ein halv time før dei andre gjestane og fekk derfor forsyne oss uten å stå i kø. Dette var ein stor fordel både for dei med rullestol og oss andre.

Søndag møttest vi til frukost før avreise.

Veldig fornøgd med servicen på hotellet. 

Solrunn og Anne Britt nyter godværet og kosar seg ute.

Den fine utsikta ifrå møterommet.

Før avreise sit Åshild, Anne Britt, Hildegunn, Solrunn og Trond å pratar.

Kva skjer?

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.