Hjem / Aktuelt / Hva vil Venstre gjøre for deg med MS?

Hva vil Venstre gjøre for deg med MS?

Vi har stilt de politiske partiene tre spørsmål før årets stortingsvalg. Spørsmålene er relevant for deg med MS.

Portrettbilde av Guri Melby forn Venstres logo

Hvordan vil Venstre jobbe for å tilrettelegge for arbeidsdeltagelse for personer med MS?

Vi i Venstre er særs opptekne av at så mange som mogleg skal ha høve til å vere i arbeid, bidra til samfunnet og kjenne på fellesskap. Det gjeld sjølvsagt også dei som lever med kroniske sjukdommar som MS. Vi meiner det må leggjast betre til rette for individuell oppfølging, fleksible løysingar og gradert arbeid ut frå arbeidsevne. Nav har behov for meir kunnskap om sjukdommar som utviklar seg ulikt over tid, og det er viktig å sikre at arbeidsgivarar har tilstrekkeleg støtte og rettleiing til å møte arbeidstakarar med behov for tilpassing. Eit inkluderande arbeidsliv er viktig for både den enkelte og for samfunnet, og vi må difor stille opp med eit regelverk som legg til rette for det.

Hva mener Venstre om tilgangen til rehabilitering og medisiner for personer med MS?

God rehabilitering er avgjerande for både livskvalitet og deltaking for personar med MS. Venstre meiner rehabilitering må vere ein integrert del av behandlinga, og ikkje noko ein må kjempe seg til i etterkant. Dette oppnåast i samspel med alle gode krefter, også utanfor offentleg sektor. Tilgang til nye og effektive medisinar må vurderast raskt og rettferdig. Relevante fagmiljø bør vurderast å få større innverknad i desse prosessane. Vi vil arbeide for eit helsevesen som møter behova til den enkelte på ein trygg og kunnskapsbasert måte.

Hvordan vil partiet følge opp den nye hjernehelsestrategien?

Den nye hjernehelsestrategien gjev eit viktig rammeverk, men må følgjast opp med konkrete tiltak og tilstrekkelege ressursar. Vi meiner det må satsast meir på forsking, tidleg oppdaging og heilskapleg oppfølging i både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. I tillegg må brukarperspektivet styrkjast, og pårørande få betre støtte. Hjernehelsa må prioriterast som ein sentral del av folkehelsearbeidet.

Hva mener de andre partiene?